tirsdag, oktober 28, 2008
søndag, oktober 19, 2008
søndag, oktober 12, 2008
Nå er sokken ferdig
Etter ei veke, banning og steiking, svette hender, ein knukken strikkepinne og ein god del frustrasjon er no den jævla sokken ferdig. Skeiv og stor og ujamn ligg han her ved sida mi og minner meg på at eg må strikka ein til før eg kan kalla meg ferdig. Det får vel verte gjestesokkar, eller sånne sokkar ein har oppå gipsen viss eg eller André brekk foten ein dag.
Kakevrak
Jeg har kost meg med en meget morsom blogg i dag. Bilder av kaker som det har gått gæli med, enten på grunn av dårlig pynting, usmaklige bilder og løgnast av alt: De som er feilstava og har med setninger som ikke skulle være med. Ha ha ha. Jeg får ikke til å legge ut bilder fra nettet, så dere får gå og se selv på Cakewrecks.com
tirsdag, oktober 07, 2008
Og sokken
skal eg snart ta bilete av og visa fram, for eg er snart ferdig! Sånn der jinxa eg det, no vert eg vel aldri ferdig.
Lopper i blodet
Ei flott loppe
I dag vil eg snakka om lopper og blod. Eg liker sånne ordspel, ser de det? Eg har nok ikkje lopper i blodet. Eg har fått fleire lopper og mindre blod. I går tappa ei dame i ein buss 450 ml blod frå høgrearmen og litt frå venstrearmen, men den var litt vrang så dei måtte avslutte. Eg kan ikkje sei at eg blei noko svimmel, trøtt og slapp, eg merka det ikkje i det heile tatt. Eg er sikkert vant med det, eg var visst litt blodfattig så eg fekk eit brett med jerntablettar. Før fekk dei eit par sokkar har eg høyrt, eg veit ikkje kva som er best.
No er det haust og loppemarknadsesong, og eg var der og tok med meg alt det fine. Sjå berre sila i biletet over, akkurat sånnei hadde me då me budde i Vetrlidsallmenningen! Eller den var Gry S si, og me lånte (eg er enno makaronioman). Den kosta meg ein femmer trur eg.
Ein til kopp i familien 70-tals koppar. Fine! Og berre 5 kroner.
Fine veska! Eigentleg er det ein slags koffert til ein sånn gammaldags hårtørkar, men den heiv eg ut. Mannen med refleksvest ville ha 30 kroner, men kunne ikkje veksla ein 200 lapp, så eg fekk ho for 16,50 som eg hadde laust. For eit kupp!
Eggedelar. Frå før av har me berre den som deler i skiver, av og til treng ein eggebåtar. Som i tomatsuppe. Trur eg fekk denne på kjøpet med sila.
Ein liten kasse til å ha øl i, akkurat plass til ein 6 pakning ser det ut til. Eventuelt andre ting. Skal alltid finna noko å ha oppi. 10 kroner.
Alt dette for under 60 kroner, ikkje verst syns eg. Og det beste av alt: Eg kom ikkje heim med kilovis med National Geographic-blad frå 80 talet. Oi no glømte eg to andre ting eg kjøpte, det var ei LP plate med Elton john og ei med barnesongar, med bilete av den der ormen som var i vignetten til barne tv før i tida. Dei kosta 20 per stykk. Kjekt loppemarked!
lørdag, oktober 04, 2008
fredag, oktober 03, 2008
Hva er dette
Siden sist fredag har jeg kjøpt tre sånne poser med hold dere fast- lakris! Jeg har alltid mislikt lakris sterkt, men plutselig finner jeg en type som jeg ikke bare syns er helt ok, jeg syns den er dødsgod! Jeg forstår ingenting. Jeg har spekulert litt i om det kanskje ikke er lakris, og at det er derfor jeg liker det. Men det står på posen at det er laget av ekte lakrisrot. Eller mener de lakrisrot som i et rot av lakrislignende guffe? Godt er det i allefall, en perfekt blanding av søtt, salt og salmiakksmak. Mmm-jeg tror jeg tar meg en til! God helg
Abonner på:
Innlegg (Atom)