tirsdag, oktober 07, 2008

Lopper i blodet


Ei flott loppe


I dag vil eg snakka om lopper og blod. Eg liker sånne ordspel, ser de det? Eg har nok ikkje lopper i blodet. Eg har fått fleire lopper og mindre blod. I går tappa ei dame i ein buss 450 ml blod frå høgrearmen og litt frå venstrearmen, men den var litt vrang så dei måtte avslutte. Eg kan ikkje sei at eg blei noko svimmel, trøtt og slapp, eg merka det ikkje i det heile tatt. Eg er sikkert vant med det, eg var visst litt blodfattig så eg fekk eit brett med jerntablettar. Før fekk dei eit par sokkar har eg høyrt, eg veit ikkje kva som er best.
No er det haust og loppemarknadsesong, og eg var der og tok med meg alt det fine. Sjå berre sila i biletet over, akkurat sånnei hadde me då me budde i Vetrlidsallmenningen! Eller den var Gry S si, og me lånte (eg er enno makaronioman). Den kosta meg ein femmer trur eg.
Små eldfaste former kan vere greie å ha viss eg skal laga noko som er mindre enn ei sjokoladekake. Dei kjem sikkert til å havne bakerst i skapet tenkjer eg. 20 kroner for alle 4.

Ein til kopp i familien 70-tals koppar. Fine! Og berre 5 kroner.
Fine veska! Eigentleg er det ein slags koffert til ein sånn gammaldags hårtørkar, men den heiv eg ut. Mannen med refleksvest ville ha 30 kroner, men kunne ikkje veksla ein 200 lapp, så eg fekk ho for 16,50 som eg hadde laust. For eit kupp!
Eggedelar. Frå før av har me berre den som deler i skiver, av og til treng ein eggebåtar. Som i tomatsuppe. Trur eg fekk denne på kjøpet med sila.
Ein liten kasse til å ha øl i, akkurat plass til ein 6 pakning ser det ut til. Eventuelt andre ting. Skal alltid finna noko å ha oppi. 10 kroner.
Alt dette for under 60 kroner, ikkje verst syns eg. Og det beste av alt: Eg kom ikkje heim med kilovis med National Geographic-blad frå 80 talet. Oi no glømte eg to andre ting eg kjøpte, det var ei LP plate med Elton john og ei med barnesongar, med bilete av den der ormen som var i vignetten til barne tv før i tida. Dei kosta 20 per stykk. Kjekt loppemarked!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei.
Veit du at ein sånn hårtørrar hadde me heime når eg var liten, mor brukte den ein gong i veka og satt i godstolen med den svære hetta på seg. Det hadde eg mest gløymt. Fin kopp, vertfall.
Med venleg helsing Marianne F på Bryne

Anonym sa...

Så kjekt! Til helgen skal jeg jommen komme meg opp tidlig og gå på loppis jeg også.
Nå lager jeg tom ka gai da tenker jeg jo alltid på deg. Og så har jeg mista mobilen min for første gang. Tror jeg la den igjen på toalettet på sagene samfunnshus. Jeg trodde kanskje den hadde gjemt seg under haugen med rent tøy men nå har jeg brettet sammen alt tøyet og ryddet resten av huset og ingen mobil. Så da tenkte jeg litt på Gry som er den jeg kjenner som har mistet mobilen sin flest ganger!
Så siden jeg tenkte på dere begge i dag var dete passende at du hadde funnet en så fin sil. Jeg trodde først det var den gamle makaronisila. Lurer på hvor den har blitt av.
Uansett, uten mobil og kontakt med omverdenenen hadde jeg mye å si her! Ha en fin kveld! Og ikke ring meg jeg svarer ikke ;)

Anonym sa...

Eg har sila på Bryne. Det kommenterte du jo då du var hjå meg, Gry.
No har me make, Ragnhild. di ser litt nyare ut.
Eg tenker mest på kven det er som har laga den ølkassen på sløyden, og kva slags sløydlærar som syns sånt er greitt.