torsdag, mai 31, 2007

Er det nokon der ute?

Plutseleg gjekk tida så fort og blogginga forsvann. Men her er eg! Har ikkje bileter sidan eg gløymde kameraet på festen til Gry då ho blei 30 år i helga. Det var ein dødskjekk fest som enda godt med at eg sang meg til topps i sing star klokka halv fem om natta, dridas som eg var. "Totally sing star" blei eg på Material Girl av Madonna.
I går var eg på Brukthuset, for første gong sidan eg flytte hit trur eg. Eg leverte sykkelen inn til sørvis, for første gong i livet, rett i nærleiken. Difor tok eg turen innom for å kikka. Hadde eg hatt bil med meg hadde eg kjøpt et fint sybord med utstyr oppi. Så løp og kjøp alle mann! Det var dritfint. Brukthuset er fullt med skrot! Men eg greidde å grava fram 5 forskjellige 60 talskoppar, kjempefine og 10 kroner pr stykk. Skal ta bilete med ein gong eg får fotoapparatet tilbake. Dei som las innlegget om nokre koppar då eg var på loppemarknad for ei stund sidan, kan no slappe av. Dei eg kjøpte i går var mykje finare og eg er ikkje lenger lei meg for tapet av dei andre!
Heklekurset eg skulle følgje med på på nett er det så som så med. Eg heklar ein lapp som er 15 cm brei, og når eg er ferdig er han berre 10 cm brei i den andre enden. Eg gjer eit eller anna gale i begynnelsen eller i slutten, mest sannsynleg i beggje endane, og den einaste måten eg kan læra meg det skikkeleg er med ein sprell levande håndarbeidslærar. Bøker og internett gjer ikkje samme nytta diverre. Er det nokon der ute som vil lære meg hemmeligheten bak ein firkanta firkant? Eg kan spandera ubegrensa mengder kaffi, anten på cafe eller heime, i dei fine koppane mine....

onsdag, mai 16, 2007

Hurra!

Ikke for å være teit men se her: Crafty Daisies Hun her dama skal lære meg og deg å hekle på et slags kurs hun skal legge ut på bloggen sin hver tirsdag eller noe. Fantastisk! se også her for kule (og teite) idéer til ting en kan lage: Craft Magazine

mandag, mai 14, 2007

Søndagstur

Var lei av å vere inne heile dagen i går, så i nitida gjekk eg ut for å "lofta vede" som me seier på Jæren. Plutseleg stod eg på toppen av Stolzekleiven i halv ti tida! Det er verdens finaste utsikt, skulle ønskje biletet var større. Det er farleg å verte for sprek, så eg passa på å trykkje i meg chips og dip medan eg såg på Slankekrigen USA i kveld.
Posted by Picasa

søndag, mai 13, 2007

Strålende dager

Det har vært en veldig god helg, dette her. Mest fordi at i går kjøpte vi oss flybilletter til i sommer, turen går til England en uke! Ferien skal startes med Wilco konsert på Kongsberg jazzfestival, det gleder jeg meg masse til. Utenom det så har det vært sol, og vi gikk/jogget litt opp til Fløyen i går, hvor jeg kunne konstatere at kondisen slettes ikke er på topp... Men det var herlig å komme seg ut og pese og puste litt. Var på Grand Prix-titting hos Elizabeth i går, med poengark og greier. Sverige og the Ark ble nok den lokale vinneren hos oss, men slettes ikke i den virkelige konkurransen! Etter å ha skrevet og tegnet på duken gikk vi på Pingvinen en tur. Det beste av alt er at hodet sitter der det skal i dag og jeg er i skammelig god form! Nei forresten, det beste er at i går da vi skulle hjem måtte jeg tisse, og det gjorde jeg i en busk ved brannstasjonen. Det var ikke det beste altså, selv om det var ganske godt, men da gikk jeg forbi innsamlingsdunker for papir og glass og....plastikk! Endelig kan jeg hive plast et sted, det blir deilig for samvittigheten. Det var på høy tid, Bergen Kommune!

Mojo kom i posten

Sånn ser det ut i dag.
Jeg leser denne boken, ikke fordi at coveret er så fint. Men det er det.


Kanskje jeg må gå ut snart..?

Fine bildet jeg fant på det der internettet.


Ny LP i festen! Blonde redhead

onsdag, mai 09, 2007


I går måtte eg vere heime i 4 timar for å vente på ein ekspresspakke frå posten. I staden for at den kom før klokka ni sånn som dei lova, så kom den klokka ett. ETT! Då hadde eg ringt dei fire gonger kor dei lova å gjere sitt beste. Til slutt tvang eg dei til å ringe sjåføren og be han om å kome til meg først. Då kom han slentrende etter ca ti minutter. Ikkje stol på Posten om det er noko som hastar folkens! Med mindre du har ein jobb kor det ikkje er så nøye om du byrjar ni eller halv to på jobb.
Men betre ting har skjedd i det siste, som for eksempel at eg fekk eit smykke av Silje-naboen vår- då ho var her og åt middag på laurdag. Ho har laga det sjølv, sjå så fint! Så får de og sjå korleis eg ser ut med caps. Ser eigentleg enda meir løk ut enn det ser ut til på bileta. No er Gilmore Girls på tv, dei tyter og snakkar så mykje. Eg får gå og slå på radioen heller!

Posted by Picasa

lørdag, mai 05, 2007

Heia

Ko Tao. Varmt og godt...
Her tok eg dykkarkurset mitt sommaren 2005.
Er visst ikkje så aktiv her for tida. Men nå når eg først skal vere det skal eg vere det på nynorsk!
Det er herleg med sol og varmt vér. No byrjar eg å gle meg til sommaren kjem for fullt, med bading og t-skjorter og barbeinte føter.
Sidan det er så fint vér for tida, og helg akkurat no, har eg tenkt å laga ein mix-cd med favorittsangane mine frå mp3 spelaren min. Den har berre 1 gigabyte med musikk. Det er ikkje særleg mykje, men det held for meg. Dei 3 første som legg att kommentar på dette skal få ein slik cd av meg! Ver klar over at det er ein salig miks av sjangerar på denne cd'en, alt frå hip hop via rock til world music, indie og singer-songwriter-ish (viss det er ein sjanger...)
God helg alle saman!