lørdag, februar 17, 2007

Til våre mødres store fornøyelse


Nynorsk i dag.

Me er 5 søskenbarn (2 søskenpar og meg) som bur i Bergen, men som sjeldan treff kvarandre. Difor organiserte me ein liten fest hjå Anita i går kveld. Kan tru det var kjekt! Og våre mødre som vert overlukkelege berre me seier me har snakka saman, må vel verte heilt i hondre nå! Sjå berre her korleis me kosar oss saman, hehe.


Eg hermer etter Thomas sitt standarduttrykk på bileter, jfr. bloggen til Linn Merete



Randi, Linn Merete og Anita




Anita med popcorn i nasen.



Randi, meg og Linn Merete

Dagen derpå, klar for nye oppdrag, nesten...


Eg skal hente bilen til Thomas og kjøre han heim til han etterpå, så eg må visst forta meg litt. Skal nemleg på fest i kveld og! Det tek heilt av. Så no drikk eg kaffi og planlegg ruta mi i dag. Ned til byen, buss til Anita, kjøyr ein liten tur på Lidl viss eg får lov av Thomas, heim og dusje, kjøyr opp til Thomas, han kjøyrer meg til Marianne og me dreg til Kjersti på vorspiel før fest i kveld. Vert sleden berre av å skrive det!

God helg.

2 kommentarer:

Silje sa...

På lidl har dei sinnsjukt gode pølser!

Ragnhild sa...

Og ost