onsdag, mai 09, 2007


I går måtte eg vere heime i 4 timar for å vente på ein ekspresspakke frå posten. I staden for at den kom før klokka ni sånn som dei lova, så kom den klokka ett. ETT! Då hadde eg ringt dei fire gonger kor dei lova å gjere sitt beste. Til slutt tvang eg dei til å ringe sjåføren og be han om å kome til meg først. Då kom han slentrende etter ca ti minutter. Ikkje stol på Posten om det er noko som hastar folkens! Med mindre du har ein jobb kor det ikkje er så nøye om du byrjar ni eller halv to på jobb.
Men betre ting har skjedd i det siste, som for eksempel at eg fekk eit smykke av Silje-naboen vår- då ho var her og åt middag på laurdag. Ho har laga det sjølv, sjå så fint! Så får de og sjå korleis eg ser ut med caps. Ser eigentleg enda meir løk ut enn det ser ut til på bileta. No er Gilmore Girls på tv, dei tyter og snakkar så mykje. Eg får gå og slå på radioen heller!

Posted by Picasa

4 kommentarer:

Anonym sa...

løk? Mente du søt? Søte Silje også som gir presanger. Heldiggrisen, men det fortjente du nok sånn som du gir bort hjemmelagde gaver. Jeg drikker rødvin og skriver masteroppgave, klokka er blitt halv to alt. Må nok sove nå. Lurer veldig på hva som var i den pakken fra posten da.
Klem, Gry

Unknown sa...

Har fått penger igjen. men veit du kva ho sa, ho dama på posten? Langt ut på dagen, kaller du kl ett for langt ut på dagen??? Eg sa at eg gjorde det. Vertfall så var det gratis.

Ragnhild sa...

Jaja. Måtte vel tøffe seg litt. Bra du fekk pengar tilbake, det skulle forresten berre mangle. Kæ sko fela??

Silje sa...

Næmmen!