torsdag, mai 31, 2007

Er det nokon der ute?

Plutseleg gjekk tida så fort og blogginga forsvann. Men her er eg! Har ikkje bileter sidan eg gløymde kameraet på festen til Gry då ho blei 30 år i helga. Det var ein dødskjekk fest som enda godt med at eg sang meg til topps i sing star klokka halv fem om natta, dridas som eg var. "Totally sing star" blei eg på Material Girl av Madonna.
I går var eg på Brukthuset, for første gong sidan eg flytte hit trur eg. Eg leverte sykkelen inn til sørvis, for første gong i livet, rett i nærleiken. Difor tok eg turen innom for å kikka. Hadde eg hatt bil med meg hadde eg kjøpt et fint sybord med utstyr oppi. Så løp og kjøp alle mann! Det var dritfint. Brukthuset er fullt med skrot! Men eg greidde å grava fram 5 forskjellige 60 talskoppar, kjempefine og 10 kroner pr stykk. Skal ta bilete med ein gong eg får fotoapparatet tilbake. Dei som las innlegget om nokre koppar då eg var på loppemarknad for ei stund sidan, kan no slappe av. Dei eg kjøpte i går var mykje finare og eg er ikkje lenger lei meg for tapet av dei andre!
Heklekurset eg skulle følgje med på på nett er det så som så med. Eg heklar ein lapp som er 15 cm brei, og når eg er ferdig er han berre 10 cm brei i den andre enden. Eg gjer eit eller anna gale i begynnelsen eller i slutten, mest sannsynleg i beggje endane, og den einaste måten eg kan læra meg det skikkeleg er med ein sprell levande håndarbeidslærar. Bøker og internett gjer ikkje samme nytta diverre. Er det nokon der ute som vil lære meg hemmeligheten bak ein firkanta firkant? Eg kan spandera ubegrensa mengder kaffi, anten på cafe eller heime, i dei fine koppane mine....

8 kommentarer:

Anonym sa...

Dersom du kjem litt oftare til Jæren, så kan eg heilt sikkert læra deg det. Treng ikkje kaffi eingong.

Ragnhild sa...

nei men eg må jo spør. Plutseleg liker du det. Får forresten til den eine lappen me skulle hekla, som heiter pretty pebbles square. Men litt av problemet er at eg må oversetja frå engelsk til norsk, og at det som heiter triple crochet på engelsk heiter dobbeltstav på norsk. Forvirra, eg? Ja. Er det Gry forresten?

Anonym sa...

Det var ikkje meg. Då er det sikkert Marianne.

Anonym sa...

Eg må senda sko til Frøydis. Skal eg hiva med kameraet ditt i same pakken? Brynegry.

Ragnhild sa...

JA TAKK! så kan eg leggje ut bileter av dei fine, firkanta lappane eg har hekla.

Silje sa...

Eg er her ute altså!! Oppdatert har eg og alt. Skal helse frå susanne..ho er på facebook!

Silje sa...

kjem heim tirsdag kveld

Silje sa...

HALLOOOOO..allo..allo... Er det nokon her inne? Høyrest ut som om her er litt ekko. 31.mai lissm!!