torsdag, mars 15, 2007

Endeleg i Porto!

Eg har verken smakt sardiner eller portvin enno. I går kveld kom eg endeleg fram. Etter ein tur på restaurant og ein tur rundt i nabolaget gjekk eg og la meg, trøytt som ein strømpe etter å ha reist sidan klokka fire om morgonen. Vakna frisk og rask i dag med Anna ved min side, og fekk frukost og kaffi på senga! Etter det gjekk me ut i byen og såg oss om, lenge og vel. Her er nokre få bilete frå i dag, fleire kjem seinare.


Den eldgamle trikken tok me heim etter byturen vår. Me kunne sikkert ha gått og kome fram like fort. Men fin var han!


Det er ein skikkeleg herskapsbustad Anna bur i. Her er tavla som viser "empregadaen", eller tenestepiken som det heiter på norsk, kva rom som treng ein teneste. Det er nemleg ringeapparat på kvart rom, og her ser de at rom nummer 4 og 5 treng noko. Det einaste aberet er at tenestepiken er ikkje på rommet sitt, der står berre eit strykebrett og strykejern no til dags. Ikkje verst berre det tykkjer eg!


Kva er vel ein bytur utan sjølvportrett?


Me har spist middag, og no er det tid for dessert. Kaffi, kaka, vin og is må me jo ha. Me er jo så fine på det!

Ingen kommentarer: